
For tida er mange sambygdingar i Oppdal for å vere med på NM i leirdueskyting.
Even Andre vart onsdag kveld best i sin klasse, yngre junior, og blei norgesmeister.
På firda.no ligg også saka ute. Teksten under er kopiert derifrå.
Even Andre Grytten gjekk til topps i NM i Leirdueskyting på Oppdal i klassen for yngre junior.
– Det var kjekt å vinne. Eg visste ikkje undervegs at eg kunne vinne, og det var sikkert like greitt, seier Grytten.
42 av 50
Leirduestien har fem postar ute i terrenget. På kvar post skyt skyttaren ti skot.
– Vi var to som skaut 42, men eg vann på serie. Det vil seie at eg skaut 10 av 10 på siste standplass, medan han skaut 9 av ti, forklarar Grytten.
3 av 22
Tre av dei 22 deltakarane i klassen yngre junior kjem frå Flokenes og skyt for Askvoll / Holmedal jakt og fiskelag.
– Martin Leknes og Børge Leknes var også med. Martin skaut 40 og Børge 34, seier Even Andre Grytten.
Godt nøgd
– Eg er sjølvsagt veldig god nøgd med resultatet. Når dei eldre juniorane (16-19 år) er rekna med var det til saman 87 med. Av dei hadde eg 7. beste resultat, seier Grytten.
Han fekk ein stor rosemåla bolle og ein gåvesjekk på 250 kroner i premie.
Kommentarer
Kjempeflott gjort! Gratulerer så mykje til alle saman! Det er berre å stå på vidare med ein flott hobby…